For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Frispark

ARBEID FOR UNGDOM: Om vi kunne gitt all ungdom ein garanti for å få sommarjobb eller deltidsjobb, hadde det vore veldig bra, skriv Kjersti Toppe.

Gi ungdom arbeidsglede

Publisert Sist oppdatert

100.000 unge vaksne mellom 15 og 30 år står i dag utanfor opplæring og arbeidsliv. Det utgjer ein av ti i denne aldersgruppa. Mange barn deltar heller ikkje i fritidsaktivitetar. Utanforskap kostar den norske staten om lag 73 milliardar kroner årleg. Utanforskap er ikkje berre ein stor kostnad for den enkelte og den sin familie. Det er også ein stor kostnad for samfunnet.

Nyleg tok eg i mot ein rapport frå Forskingsrådet om nettopp dette. Regjeringa har bestemt at det skal gjennomførast eit såkalla samfunnsoppdrag for inkludering av barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv. Samfunnsoppdraget gjeld for alle barn og unge vaksne, frå 0–29 år. Samfunnsoppdraget skal gjennom tydelege målsettingar og forskingsbasert kunnskap og kompetanse gjere arbeidet med redusere utanforskap meir treffsikkert.

Ingen politiske parti synest det er greitt at unge skal oppleve utanforskap, å ikkje ha jobb eller ei utdanning å vere opptatt av. Alle politiske parti og skiftande regjeringar har ønska å redusere utanforskapen. Det er prøvd massevis av ulike innsatsar og tiltak. Dei same prioriteringane blir også forsøkt gjort om og om igjen. Ofte først når utanforskapen har oppstått. No må vi erkjenne at vi ikkje har lykkast.

Powered by Labrador CMS