Gi Kristeleg Folkeparti di stemme i år

Dette året er det første året sidan 1976 at eg ikkje har politiske verv i KrF. Men eg er framleis like opptatt av politikk og kva eg meiner er til det beste for landet vårt.

Me har det godt i Noreg, og det er viktig ved eit val å setja namn på kvifor det er slik. Det kan hjelpa oss å sjå kva politiske parti som legg vekt på dei verdiane forfedrane våre bygde på og som har gitt oss mange av dei goda me har i dag.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det står ei strofe i nasjonalsalmen vår som med få ord seier det meste:

«Du sende ditt ord til Noregs fjell og ljos over landet strøymde.»

Når ein ser korleis Eidsvollsmennene har baka inn dei kristne verdiane i grunnlova vår, får ein litt av forklaringa på kvifor Noreg er eit så godt land å bu i.

I år er det 250 år sidan Hans Nielsen Hauge vart fødd. Han sette svært mange positive spor etter seg på ulike område i landet vårt.

Her er nokon av dei viktigaste verdiane Hauge bygde opp om:

1. Respekt for Gud og det heilage.

2. Likeverd. Alle menneske har lik verdi og har noko dei kan bidra med i samfunnet.

3. Rettferdig fordeling av verdiskapinga.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

4. Bruk naturressursane!

Dei verdiane som her er nemnde er innarbeida i Kristeleg Folkeparti sitt program.

Konkret er eg i dag opptatt av familiepolitikk, landbrukspolitikk, distriktspolitikk, bistand og sikkerheitspolitikk.

Desse områda meiner eg KrF har gode formuleringar på i programmet.

Frå Rogaland har Olaug Vervik Bollestad og Geir Toskedal representert KrF i regjeringa og på Stortinget. Geir Toskedal går nå ut, og Olaug V. Bollestad og Hadle Rasmus Bjuland toppar KrF-lista frå fylket vårt for valet til hausten.

Dei personane som KrF har hatt og nå ynskjer å få inn, har gjort ein kjempejobb for KrF sine verdiar og for Rogaland. Dei er lydhøyre og folkelege. Og det arbeidet som Olaug har gjort i regjering som landbruksminister, står det stor respekt av, tatt i betraktning av at me er/ har vore i regjering med Venstre og Frp.

Dei to partia har gjort det vanskeleg for KrF ganske ofte, dessverre. Men ved at KrF er / har vore i regjering, har statsrådane våre påverka mange saker positivt i høve til verdiane våre. Men det kjem ikkje fram i media.

Ei oppmoding til dykk som vil ta vare på og fornya dei gode verdiane forfedrane våre har bygd på: Stem Kristeleg Folkeparti ved Stortingsvalget i september!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Noreg treng eit kristendemokratisk parti!

Godt val!