❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

Meninger

OSLO: På biletet ser vi Oslo domkyrkje.

Fyrtårnet er borte

Alt er gløymt, i eit hamskifte som manglar sidestykke i kyrkja si historie etter reformasjonen og Hans Nielsen Hauge.

Publisert Sist oppdatert

Professor ved Høgskulen i Volda, Jan Ove Ulstein, har skrive ei viktig bok om «det lange 1970-talet», det som var opphavet til studentopprøret og radikaliseringa av politiske standpunkt i kyrkja. I ei omfattande melding i Dag og Tid, presenterer professor Rune Slagstad – ein av vår tids store intellektuelle – boka. Tittel: Det kyrkjelege hamskiftet.

Meldinga er symboltungt illustrert: På ein liggjande kross vaglar Andreas Aarflot seg saman med Berge Furre og Kari Veiteberg.

Ikkje uventa fører meldinga til ein skriftleg replikk frå biskop Aarflot, hovudsakleg for å gjera merksam på at han er smigra, både over hopehavet (NB! Berre Furre er då nemnt) og hamskiftet, i form av ein vellukka slutt på statskyrkja, og ei sosialetisk radikalisert kyrkje. Aarflot ser elles gjerne Hans Nielsen Hauge og hans «opprørstrang mot verdslige og kirkelige autoriteter» som ei av kjeldene til eiga politisk oppvakning.

Powered by Labrador CMS