☀️ SOMMERKAMPANJE 1,- ut august

Du kan betale med vipps Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Disippel

Frykta som blei til skamme

Då vi køyrde inn på Grimerud intensiverte kjenslene mine seg. Korleis skulle dette gå? Vi vart møtt av eit stort smil.

VELKOMST: Grimerud er hovedsenteret til Ungdom i Oppdrag Norge. De har hatt familieleir på gården i mange år gjennom arbeidet Familiefokus.
Publisert

Sommaren 2021 var vi på veg over fjellet til Grimerud. Vi skulle på familieleir for første gong med dei tre gutane våre på 2, 3 og 4 år, og eg var absolutt ikkje klar. Silje Maria, kona mi, og eg hadde landa på at vi skulle dra, men det var mykje som ikkje var på plass inni meg.

Barndommen min hadde innhenta meg, og eg strevde dagleg med sterke, umodne og ubehagelege kjensler som stemte betre med ein femåring enn med ein 44-åring. Sterke lydar og brå skifte kunne setje meg heilt ut, og småbarnsfasen var så langt frå romantisk som den kunne vere. Eg måtte stadig ut av situasjonar som hende fordi stressnivået mitt steig til uante høgder på altfor kort tid.

Måtte passe både barn og mann

Powered by Labrador CMS