OMSLAGET: Boken er illustrert av Karl Erik Harr.
Frisk bok om Petter Dass
Nils Magne Knutsen er professor emeritus i nordisk litteratur. Han skriv friskt og pedagogisk, og kven som helst kan få stoffet med seg.
Eg har kjent den nordnorske friskuspresten Petter Dass frå strofer som «Gud er Gud, om alle land lå øde, Gud er Gud, om alle mann var døde» og frå Norsk Kirkehistorie av Andreas Aarflot. Songar frå Birgitte Grimstad- og Erik Bye-plata En Dobbel Deylighed har eg også høyrt. Etter å ha lese denne nye boka er eg igjen slått av at gamle tekster kan ha veldig mykje å seie oss. Det Dass (1647-1707) etterlet seg, er slagkraftig og livsnært.
Nils Magne Knutsen er professor emeritus i nordisk litteratur. Han skriv friskt og pedagogisk, og kven som helst kan få stoffet med seg.
I siste kapittelet overraskar han med nokre avsnitt der vi får vite at Dass, som for 20 år sidan blei kåra til Årtusenets nordlending, seinare er ribba for mykje av heideren. Han har til dømes fått ein lunka omtale i Norsk Biografisk Leksikon. Boka til Knutsen truleg ein respons på dette. Og svaret frå Knutsen er framifrå godt, opplever eg.