Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

BLACK WEEK 10 uker for 10 kroner Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill tilbudet med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Meninger

FADER VÅR: Frels oss frå det vonde! Vi treng å be denne bønna i Fadervår meir enn nokon gong før, skriv Erling Thu.

Frels oss frå det vonde!

Publisert Sist oppdatert

Vi treng å be denne bønna i Fadervår meir enn nokon gong før. Vi veit at heile verda ligg i det vonde, skriv apostelen Johannes. Han seier også at Gud kan verna oss, så den vonde ikkje kan koma til. Difor treng vi stadig å be om at Gud skal berga oss frå den vonde og frelsa oss frå det vonde, for vondskapen ser vi rundt oss alle stader.

Vi ser vondskapen kvar dag vi høyrer om nye drap i landet vårt. Det er sjokkerande og ufatteleg at ein mann kan drepa to døtrer og eit barnebarn før han tek sitt eige liv. Det er uforståeleg at ein ektemann drep kona si. Ja, for meg er kvart einaste drap uforståeleg, eg forstår ikkje kva som kan rettferdiggjera ei slik grueleg handling.

Historia viser oss at menneske kan bli fanga av vondskapen og gjera utruleg mykje vondt. Holocaust der seks millionar jødar mista livet og Stalin sine mange fangeleirar der kanskje 20 millionar politiske motstandarar mista livet, viser kva vondskap kan gjera.

Powered by Labrador CMS