VISJON: Det er ikkje kvar dag visjonen om å vere ein fredsberar får heilt gjennombrot i eit presteliv. Nokon dagar siver motløysa si tåke innover meg, og gjer at eg har lyst til å seie takk for meg og gi opp heile greiene. Andre dagar er stridslysta så sterk at det å vere ein fredsberar er langt unna røynda, skriv Ola Ohm. Biletet er frå Kyrkjemøtet i april. FOTO: BIRGIT OPHEIM
Fredsbærer i stridstider
Den ryggdekninga vi tidlegare hadde, forsvann då Kyrkjemøtet sidestilte dei to syna på homoseksuelt samliv. Då blei det opp til kvar einskild prest kva vi skulle meine om det, og som åra har gått blir vi som står fast på det klassiske synet meir og meir bakstreverske i andre sine augo.
I 2009 fekk Stavanger bispedømme ny biskop i Erling Pettersen, og på grunn av hans syn på homoseksuelt samliv bestemte ei gruppe prestar seg for å avstå frå å delta i nattverd saman med han for å vise at einskapen og fellesskapet i kyrkja var brote. Dei fleste prestane i bispedømmet vårt sto ikkje på Carissimi-lista, men mange av oss kjente på kroppen at ei endring hadde skjedd i det på mange måtar Soria Moria-liknande bispedømmet vårt. Kampen vi tidlegare hadde betrakta utanfrå, hadde gjort seg gjeldande hos oss. Gjennom Bjørn Bue og Ernst Baasland sine bispeperiodar hadde vi hatt stor fridom til å prøve ut nye ting, og sterk ryggdekning i ein biskop med klassisk bibeltolking. No var det nye tider.
På ein måte blei vi innhenta av dei store endringane i Den norske kyrkja på 90- og 2000-talet. Gjennom Dingstad-saka blei spørsmålet om homoseksualitet redusert frå eit vedkjenningsspørsmål til å bli eit adiaforon, og gjennom denne tidsperioden gjekk det meir og meir i retning av aksept. Det var og mange tydelege biskopar på konservativ side som slutta, og etterfølgjarane var i stor grad meir opne for endring enn forgjengarane hadde vore. Ikkje det at endringar ikkje hadde hendt før. Det blei mogleg for kvinner å bli prestar i 1961, og gjennom 80-talet hadde gjengifte etter skilsmisse blitt meir godteke.
Men eg tør å påstå at det hende to ras i denne perioden som har hatt stor innverknad på utviklinga som har gjort kyrkja slik ho er i dag. Det eine hende då Rosemarie Køhn innsette Siri Sunde igjen i 1999. Det andre hende i 2006, då heile Lærenemnda la Bibelens ord til grunn for lære og liv, men halve nemnda overprøvde skriftorda om homoseksualitet og gjekk inn for å akseptere det. Vedtaka som Kyrkjemøtet gjorde med å sidestille to syn i saka, var berre ein følgje av dette. Men i Soria Moria i Rogaland hadde vi opplevd det som at vi var langt vekke frå sentrum av hendingane – det var akkurat som ting skjedde i eit anna land.