| Debatt
Fredsavtale med Hamas?
ISRAEL: Det må gleda alle sine hjarto at dei israelske gislane i Gaza vert sette fri, og om det vert slutt på liding og død i Gaza og i regionen elles, skriv Johannes Kleppa.
Francisco Seco / AP / NTB
Alle menneske av god vilje må ønskja fred i Midtausten, men det må vera ein rettferdig fred. Det må gleda alle sine hjarto at dei israelske gislane i Gaza vert sette fri, og om det vert slutt på liding og død i Gaza og i regionen elles. Slik sett er det lett å gleda seg over det som gjeld våpenkvile og fredsavtale for Israel og Gaza. Kommentarane går då også samrøystes i den leia, der endatil Donald Trump får ros.
Midt oppi denne gleda sit ein av fleire grunnar med undring og uro. Det ein er det nærast: Vert det verkeleg effektiv våpenkvile og endeleg fred? Held avtalane ein inngår, eller vert det brot på våpenkvila og fredsavtalen? Då tenkjer eg på kort sikt.
På lengre sikt er utfordringane formidable. Det viser historia som ligg bak, og då særleg den religiøse og ideologiske tenkinga som har skapt historia. Så lenge dei grunnleggjande drivkreftene på begge sider, for ikkje å seia alle sider – og særleg hjå Hamas, er dei same som før, er det vanskeleg – for ikkje å seia umogleg – å sjå føre seg varig fred.