❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Debatt

Framleis på flukt frå Irak

Møtet med ei enkje på eit loft i Damaskus sette så djupe spor at eg berre måtte halde fram og skrive om uretten som råka dette folket.

UTDELING: Ei kvinne frå Irak får hjelp i ei kyrkje i Jordan. Fleire tiår etter at irakarane måtte flykte, sit mange av dei framleis fast i nabolanda utan å kome seg vidare.
Publisert Sist oppdatert

Dei sat på rekkje i ei kyrkje i Amman og venta på hjelp. Ein alvorleg flokk kvinner og menn, med vérbitte ansikt og blikket fest ein plass langt vekke, medan Jesus, Maria og kong Hussein såg mildt ned på dei frå bileta på veggen.

Dei har sete der i 30 år. Ja, ikkje akkurat desse, kanskje. Men slektningane deira. Landsmennene. Kaldearane. Assyrarane. Dei syrisk-ortodokse. Desse heimlause som har røter i dei gamle, historiske kyrkjene i Irak.

Dei sat der som veggpryd i ein sliten kyrkjehall. I eit slikt rom som finst i alle kyrkjer i Midtausten. Med stolar langs veggane, der folk som har ærend i kyrkja kan setje seg og kvile. 

Powered by Labrador CMS