Frå mødreuro til dyktig sjømannskap

Det var knapt noka kvinne som heller tenkte seg sjømannslivet som sitt yrke.

Det er 70 år sidan kvinneforeininga samla seg i ei stove i Stavanger den 20. januar, og stifta «Sjøgutten’s venn». Dei bar nemlig på ei uro, ei heilag uro. Logikken i at kvinner starta ei foreining for sjømenn, kan vera litt vanskelig å forstå.

På den tida var det berre robåten kvinnene hadde tilgjenge til. Det var knapt noka kvinne som heller tenkte seg sjømannslivet som sitt yrke. Stiftarane hadde ikkje sterk tradisjon for å «gje si stemme» ved anna enn politiske val, ja, dei kunne også stemma om dei var medlemmer avDet Norske Misjonsselskap.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kvinnene var ikkje kjent for å kunne røysta, men dei kunne handle. Kvinner som puffa mennene sine til å handle ut frå deira eigen visjon kjente dei til frå mellom anna stiftinga avNorsk Luthersk Misjonssamband. Men den saka galdt misjonen, det å få evangeliet ut til unådde folkeslag, heidningane.

Dei fleste kvinnene bak «Sjømann’s vennen», seinare ein del av Unge Kristen Sjømenns Forening (UKSF) var truleg med i både ei og fleire misjonsforeiningar. Men dette med norske sjøguter var noko anna. Det vil undra meg om dei ikkje tok opp til vurdering, om det var edelt nok å arbeida for sine eigne barn, for ikkje å seia det rett ut: si eiga frykt og uro for sjømennene.

Den 24. januar 1947 hadde kvinnene også fått med seg mennene, og hadde utarbeid statuttar. Visjonen og målet var klart: Dei skulle arbeide for at opplæringa vart drevet på eit skuleskip. Det kosta pengar, og ville ta tid, difor skulle dei gå i gang med yrkesopplæring på land.

Det kunne også ta litt tid å få i stand, men strakstiltaka var klare: Førebuing til UKSF skulle skje gjennom: a) ved bibeltimer og foredrag av kristelig, moralsk og allmenn art som hjelp til å gje dei unge sjømennene eit godt livsgrunnlag. b) ved opplysning om dei spesielle farar og fristingar som vil møte dei i deira yrke c) ved foredrag og undervisning for eksempel norsk, rekning, engelsk, navigasjon og praktisk sjømannskap…

I etterkrigstida var sjømannsyrket det som lokka dei unge. Dei kunne faktisk reisa ut som 15 åringar, og vera borte i opptil 4–5 år. Ja, dei kjente også dei som måtte seila ute under krigen, og kom heim som nedslitne nervevrak og framande i eigen by og bygd.

Det var nok desse «forkomne» sjøfolka som førte til ein litt spesiell paragraf i skoledokumentet §4: «Foreningen vil ha en korrespondanseklubb som vil forsøke å holde forbindelsen vedlike mellom gutter som reiser ut, slik at de kan ha en tilknytting og holde vedlike et godt kameratskap i hjemlandet.»

Ein slik paragrafen er truleg nokså eineståande. I dag ville det ha kvalifisert for å vera eit berekraftig tiltak. For sikkerheitskuld var det ein paragraf som skulle skje i tilfelle nedlegging. Visjonen var levedyktig. Dei søkte samarbeid og råd med Norges Rederiforbund i Oslo, som oppfordra dei til å ta vidare kontakt med dei store reiarane som Smedvig og Bergesen.

Reiarlaga synte velvilje. I dag er det fleire reiarar som har tatt økonomisk ansvar ved kjøp av ny båt. Ut frå sin kristne visjon vart Brannbåtane i Sykkylven kontakta, og første kurset, for gutar frå 14–17 år kom i gang på «Brand VI» hausten 1949, det var plass til 60 stykk. Den Gann som seglar i dag, hurtigruteskipet Narvik, er den sjette i rekka. Skulen er nå godkjent som to-årig Vidaregåande, og har elever frå heile landet, for både jenter og gutar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er plass for 120 elevar, og kampen om elevplasser er stor. Den 15. april i fjor, kom gladmeldinga: Skoleskipet Gann vart kåra til beste Vidaregåande skole i Rogaland etter ei evaluering som hadde pågått i over åtte år! Og nummer fem på landsbasis. For å få midlar til eigenkapitalen, er Gann båten cruiseskip i sommarmånadane, og dette året var turane fullbooka til jul.

I tillegg tilbyr dei kurs som er kravd avSjøfartsdirektoratet. Skuleskipet Gann har kjempa i stormar både på havet, i økonomien og i leiinga. 13.500 ungdommar har fått utdanning som er verdset både i skips- og oljeindustrien. Mange av ungdommane møter vi att som kapteinar og maskinsjefar.

Det er høgt verdset frå reiarane at desse unge har levd i eit tett båtfellesskap i to år med null toleranse for alkohol. Ein far fortalte med stor innleving om guten sin som hadde falt ut av ungdomsskolen og hamna i belasta miljø. Så kom det eit tilbod om plass på Gann.

I dag er sonen fullt utdanna maskinist, som meir enn gjerne bruker ferien sin til gratis innsats på Skuleskipet. I haust kom også brevet frå Michael Oh, leiaren i Lausanne, som inviterte Skuleskipet til å vera med i leiinga for eit nystarta Lausanne Global Council.

Der leiarar frå Gann deltar som ressurs for og rådgjeving om arbeidsplassen som global misjonsstrategi, Teltmakere. Noko dei går inn i med ære og audmjuk haldning. Mødrene, som 20. januar 1947, samla seg i stova for å stifte «Sjøgutten’s Venn» var i same ærend som mødrene som kom til Jesus med barna for at Han skulle røra ved dei.

Dei bar også på eit strekt ynskje om å gi sine eigne eit Jesumøte i kvardagen. Dei møtte kritikk, men Jesus såg dei, tok barna inntil seg, slik mødrene ynskte. Men Han gjorde også noko meir, Han gjorde ei heilag handling, Han velsigna dei! Det har Han også gjort med skuleskipet Gann.