| Andakt
Frå falsk åndelegheit til ekte erfaring
I mange år var eg medlem av ein trusmenighet der tungetale og nådegåver var ein viktig del av uttrykket. Når eg over 20 år seinare ser tilbake på den tida, ser eg mykje bra som var viktig for meg på den staden eg då var i livet. Men eg ser også ting som var dårleg.
Ein ting eg har tenkt mykje på i ettertid er korleis ei ukritisk haldning blanda med litt for høg sjølvtillit, førte til at ein søkte etter nådegåver og overnaturlege fenomen ein ikkje var klar for å bera. Eller som eg i dag tenkjer me ikkje bør søka i det heile.
Eg kan nemna predikanten som kom på besøk i menigheten og fortalde at han ikkje hadde vore hos tannlegen på 20 år. Det trengde du ikkje dersom du berre hadde tru nok.
Dersom du ser ein visjon, eller eit bilete, eller ein draum – tru ikkje på det. For viss det er frå Herren, vil Herren læra deg.
Stor vekt vart også lagt på syner og visjonar, draumar og bilete. Eg fornektar på ingen måte at slikt kan førekoma, det ser ein jo både i Bibelen og i vår tid. Tenk berre på alle historiene om muslimar som møter Jesus i draume, til dømes.
Men vi bør ikkje akseptera alt slikt ukritisk. Dersom ein er open for alt som kjem av visjonar, mirakel-historier og profetiar, gløymer ein at det er lett er å bli lurt. Eg veit om nokre som i ettertid har funne at dei var lette offer for menneske med andre føremål enn dei reint åndelege, og kanskje til og med lette bytte for forføraren.
Silouan av Athos (1866–1938) seier det slik:
«Dersom du ser eit lys inni deg, eller rundt deg – tru ikkje på det dersom du ikkje saman med dette kjenner sterk kjærleik til Gud og til din neste. Ver ikkje redd, og ver audmjuk, så vil lyset forsvinna.
Dersom du ser ein visjon, eller eit bilete, eller ein draum – tru ikkje på det. For viss det er frå Herren, vil Herren læra deg. Sjela som ikkje har erfart Den Heilage Ande kan ikkje forstå visjonar, og heller ikkje kvar dei kjem frå. Fienden kan gje sjela gode kjensler blanda med forfengelegheit – med andre ord hovmot.
Dersom ein visjon kjem frå fienden, vil ein audmjuk person kanskje bli forvirra og redd – for han kjenner seg ikkje verdig til å få ein visjon. Men ein hovmodig person kjenner ikkje frykt eller forvirring, for han søkjer visjonar og kjenner seg verdig, og som resultat blir han lett lurt av fienden»
Samtidig må ein ikkje hamna der at ein berre er villig til å akseptera det som let seg rasjonelt forklara. Munken har ei åtvaring også mot den grøfta:
«Det himmelske kan berre erfarast gjennom Den Heilage Ande, og det jordiske gjennom sinnet. Den som ønsker å erfara Gud med sinnet gjennom vitskap, er hovmodig. For Gud kan berre erfarast gjennom Den Heilage Ande».
Korleis då halda sin sti rein og finna ein god balanse mellom dei to ytterpunkta? I dei to sitata overfor er det hovmotet som blir identifisert som problemet. Og det å vera audmjuk er botemiddelet.
Silouan av Athos seier ikkje noko nytt. Han står i ein tradisjon som strekkjer seg tilbake til ørkenfedrane. På 600-talet seier Isak syraren noko liknande:
«Den som erkjenner sine synder, er større enn den som oppreiser dei døde med si bøn. Den som ser seg sjølv, er større enn den som ser englar.»
Å sjå seg sjølv som den ein faktisk er, er idealet som blir løfta fram. Motsatsen – å sjå seg sjølv som større enn det ein eigentleg er, var den synda som gjorde at djevelen fall. Profeten Jesaja skildra prosessen:
«Det var du som sa i ditt hjarte: Til himmelen vil eg stiga opp. Høgare enn Guds stjerner reiser eg mi trone. (...) Eg vil gjera meg lik Den høgste»
Som sjølve ursynda, opphavet til alle andre synder, er hovmotet eller stoltheita noko me særleg må vakta oss mot. Denne lasten opnar opp for alt det vonde.
Den rette responsen i møte med Guds storheit er å sjå kor små vi er til samanlikning. C.S. Lewis sa det godt: «I Gud møter du noko som på alle måtar er uendeleg overlegent deg sjølv. Om du ikkje vet dette om Gud – og difor ikkje veit at du er som ingenting i forhold, veit du ingenting om Gud.»
Utruleg nok; også Guds son seier om seg sjølv at dette er slik han er. Lær av meg, seier han, «for eg er mild og audmjuk i hjartet». (Matt. 11, 29)
Først når ei slik haldning er på plass i mennesket, kan vi gjennomskua falsk åndelegheit og dårlege etterlikningar, og få ekte erfaringar av Guds herlegdom.