Frispark
EKTESKAPET: 164 av 193 medlemsland i FN definerer i dag ekteskapet som eit samliv mellom mann og kvinne, skriv Hallgrim Berg. Bildet er fra Oslo Pride i 2021.
Terje Pedersen/NTB
Forvirring om kjønn og sex
I alt ordskifte om rett og feil kjønn – trans og homo, pride og demo – høyrer me som er hetero at me må vise toleranse. Me skal vera opplyste og vise skjønsemd for livet til dei seksuelle minoritetane, og denne oppmodinga tek dei aller fleste menneske no på alvor.
Sjølv meiner eg at alle menneske – sjølvsagt òg alle skeive – skal møtast med respekt, vennlege og saklege ordelag. Om ein er usamd, gjer ingen ting. Alle individ har same menneskeverd.
Men straks dei underkua har fått samfunnsmakt og fått fleirtal for nye paragrafar om vern mot diskriminering inn i lovverket, startar kjønnsaktivistane med noko som liknar forfølging av dei som ikkje er med på ferda. Me får eit nytt døme på einvegstoleransen.