FOR OSS: Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar, skriv innsendaren.

Forsoningslæra, middelalderen og slikt

Hadde faren i Luk 15 vore ein reell person (kanskje han var det?), hadde desse ofringane òg vore ein del av hans kultur og livsfundament.

I Dagen 05.05 har Oddbjørn Heinum eit innlegg med overskrifta «Jesu liding og forsoningslæra». Her kommenterer han David Eikerei Andersen sin gjennomgang av dei tre lærene om forsoninga som sto i Korsets seier den 23.04.

Desse tre er den subjektive, den objektive og den klassiske. Heinum legg merke til at Andersen framhevar den objektive, og at han viser til ei formulering av ein middelaldermunk, Anselm av Canterbury, (1033–1109) til støtte for sitt syn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så let Heinum oss få eit innblikk i kor grotesk, etter hans syn, det middelalderske menneskesynet denne munken målbar, er.

Då er det betre, meina han, å sjå til Lukas 15 og ha den ventande, lengtande, elskande faren som modell for møtet mellom Gud og syndaren, faren som spring den totalhavarerte sonen i møte og trykkjer han til sitt hjarta, utan forsoning, ja, etter Heinum òg utan nåde, med berre kjærleik, Guds kjærleik.

Men då tanken om offer for synder vart formulert og sett «på papiret» av Moses etter diktat frå Gud sjølv, låg den «mørke mellomalderen» enno eit par tusen år inn i ei ukjend framtid.

I 3. Mos. 16 les vi kva som må til for å gjera soning for Israelsfolket sine synder. Det var okse- og bukkeoffer, det var okse- og bukkeblod; blodet skulle skvettast på anviste stader, og kjøtet og feittet av offerdyra skulle brennast.

Kvart år måtte dette gjentakast. Og kvart år gjentok Israelsfolket det, fram til tempelet vart øydelagd i år 70. Så godt over tusen gongar vart denne ofringa gjenteken, for at Israels synder skulle verta sona.

Hadde faren i Luk 15 vore ein reell person (kanskje han var det?), hadde desse ofringane òg vore ein del av hans kultur og livsfundament. Og endå er det lenge til middelalderen …

Så, kanskje 60–70 år inn i det fyrste år-hundre sit ein godt skulert jøde seg ned og skriv eit brev. Ingen veit kven det var, men etter kvart vert brevet kalla Hebrearbrevet, og det er gjengjeve i Bibelen.

Store delar av dette brevet vert brukt til å jamføra den etablerte preste- og offertenesta med Jesu gjerning og død, og viser at Jesu offer er så mykje betre enn den gamle ordninga, avdi det er eit offer som ikkje treng repetisjon, men er gjeve «ein gong for alle» (Heb. 10,10), og det er eit offer som «… er ei soning for syndene våre, ja, ikkje berre for våre, men for alle i heile verda» (1. Joh 2,2).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Lat då middelaldermunkar og andre «forstå-seg-på-arar» reflektera og teoretisera over dette som dei vil, men nye læresetningar og spenstige teoriar kan ikkje endra det som er forsoninga sitt faktum, at «Gud syner sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar» (Rom 5,8).