| Kommentar
Forsommarens store teologidebatt: Kvifor vart han så engasjerande?
Forfriskande ferskvare? Eller nok ei fortvila fotnote til Forkynnarens bok?
TRÅDSTART: Då FBB-formann Jan Bygstad 12. mai rykte ut med katolskkritisk innlegg, vart det starten på ein omfattande debatt
Odd Mehus
Han er blitt kalla legendarisk, deprimerande, kaotisk, skuffande, ivrig og intens. Men forsommarens teologidebatt har avslørt meir enn ei sementert kløft mellom katolikkar og lutheranarar.
Ikkje lettspådd
I ein kommentar knytt til pavevalet, stilte avtroppande redaktør Tarjei Gilje spørsmålet: «Paven – verden fremste vranglærer eller verdens fremste kristenleder?» At dette skulle utløysa ein av dei mest omfattande debattane vi har hatt i kristenpressa i seinare tid var ikkje lettspådd.