❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Debatt

«Forfølgd» pastor som klikk-motor

TRUVERDIGHEIT: I den digitale klikkverda må dei svært mange Søndergaard-sakene derimot ha funne ei lesarnisje som avisa har kapitalisert stort på, meiner Johannes Morken. På bilete: Torben Søndergaard i eit podkastintervju med Vebjørn Selbekk nyleg.
Publisert Sist oppdatert

Eg set pris på at Dagen no har retta kritisk søkjelys mot forteljinga som pastor Torben Søndergaard i årevis har formidla om seg sjølv som «forfølgd kristen» både i Danmark og USA.

Erik Andreassen har gått gjennom open dokumentasjon og komme til at bevisa talar mot versjonen Søndergaard har gjeve. Eg er glad for at sjefredaktør Vebjørn Selbekks tydelege ord, også om at forsamlingsleiarar som samarbeider med Søndergaard, «har et ansvar for å ettergå troverdigheten og sannferdigheten til de som gis en talerstol».

Sjølv har eg vore oppgitt over at ikkje Dagens redaksjon sjølv for lenge sidan har undersøkt truverdet og sanningsgehalten i historia som avisa har gitt ein altfor synleg plass på det vi kan kalla ein redaksjonell talarstol.

Powered by Labrador CMS