| Kommentar
For meg vart Dagens dødshjelp-serie personleg
DØDSØNSKJE: Tobarnsmora Ingrid ønskjer å døy. Kva skjer om samfunn og lovverk seier at det er heilt i orden?
Bjørn Olav Hammerstad
Vårens dramatiske reportasjeserie frå Nederland her i Dagen dundra for meg inn i både kjensle- og tankeliv med nær omkalfatrande effekt. Innblikket i dødshjelp-situasjonen i Nederland er som å oppdaga ein blytung skavl i terrenget like over eit turfølgje.
Vi kan gjera noko frå eller til for om han losnar. Skredsikring finst. Dessutan kan det koma ein vår.
Staten som dødens lakei