| Kommentar
    Folkekyrkja: Slik vart konservative og gammaltruande stilna
    
    
        Bildet viser en høymesse i Nidarosdomen under Kirkemøtet.
        Den norske kirke
    
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    Forretningsmessig. Profesjonell. God stemning. Slik møtte Hegstad-æraen i Den norske kyrkja meg då eg gjesta «kyrkja sitt storting» på siste møtedag denne veka. Men fortel orda om ein måte å leva på eller ein måte å døy på for ei kyrkje? 
Gamle tomter
Å trø inn på det eg litt pompøst må kalla gamle tomter, var ei blanda oppleving. Eg sat sjølv som ein av Stavanger bispedømme sine representantar til Kyrkjemøtet i Scandic Nidelvens store sal i ein fireårsperiode frå 2016.