For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

☀️ SOMMERKAMPANJE 1 krone, ut august Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

| Debatt

Flagg på skulen

TO FLAGG: Det hadde kanskje vore rausare med to flagg for å få fram større mangfald. Det er noko skeivt i påverknaden av borna, når berre regnbogeflagget skal vaie. Det andre flagget kunne kanskje vore grønt med nokre blomar på – det skulle symbolisere eit naturleg syn på mennesket, skriv Anne Gunn Pettersen.
Publisert Sist oppdatert

Det hadde kanskje vore rausare med to flagg for å få fram større mangfald. Det er noko skeivt i påverknaden av borna, når berre regnbogeflagget skal vaie. I tillegg til å assosiere flagget med kjærleik og å vere den ein er, er det mange som trur flagget òg står for at det skal gå an å byte kjønn og at det finst meir enn to kjønn. I vitskapen er det berre eitt av to syn. Biologar og psykologar er delte og mange seier at ein frå mors liv av anten er hankjønn eller hokjønn. Det sit overalt i cellene i kroppen. Overfor den oppveksande slekt burde det vere respektfullt å syne begge måtane å sjå livet på.

Det andre flagget kunne kanskje vore grønt med nokre blomar på – det skulle symbolisere eit naturleg syn på mennesket. Vi vert fødde som gutar og jenter, og når vi veks opp, kan vi gjere mange ting. Vi er frie og let oss ikkje påverke av marknadskrefter og andre som skapar stereotype haldningar til kva vi kan gjere. «Du er du, og du duger», var ein populær song for nokre år sidan. 

Det er nitrist for oss som var unge på syttitalet – nokre med raude strømper – og som heile livet i skule og fritid har kjempa for likestilling og at alle kan leve slik dei vil utan å bli terga, å sjå kva som skjer: Nettsida Ung.no seier: «Samfunnet har en forventning om at alle blir født som enten gutter eller jenter, og at vi ut fra dette skal oppføre oss og se ut på en bestemt måte og like visse ting. Dette kaller vi kjønnsnormer.» 

Powered by Labrador CMS