| Kommentar
Flagg-debatten tek oss til politikkens yttergrense
Når Høgres Tina Bru instruerer norske borgarar om kva Pride-flagget betyr, kryssar ho ei grense.
FLAGG OG SYMBOLIKK: Det verste med regnbogeflagget er den endelause mistenkeleggjeringa som følgjer i kjølvatnet av det, meiner Sofie Braut.
Terje Pedersen / NTB
Kven kunne ha gjetta at den gamle flagglæra, såkalla vexillologi, skulle få slik vind i segla no langt ut på 2020-talet? Men slik har det altså blitt.
Bølgje på bølgje med debatt om flagging, flagglov og bruk av symbol slår innover oss. Sist veke var det KrF sitt forslag om å reservera norske skule-flaggstenger for eit fåtal av nasjonale flagg som vekte harme.
Harme, frådande harme