❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Debatt

Fellesskulen og friskulane

FRISKULAR: Dagens regjering har det eine utfallet etter det andre mot friskulane, særleg kristne friskular, skriv Johannes Kleppa.
Publisert Sist oppdatert

Norske styresmakter motarbeider stadig friskulane, og motstanden er større til lengre ut på venstresida ein kjem. Dagens regjering har det eine utfallet etter det andre mot friskulane, særleg kristne friskular. Det skjer med tre ulike innfallsvinklar – ved lovmakt, økonomimakt og språkmakt. Dei to første vert brukte for å gjera det vanskeleg å starta og driva friskular. Den sist «makta» skapar haldningar, slik at foreldre ikkje skal søkja barna sine inn på friskular, og barna ikkje skal ha lyst til å gå der. 

Her vil eg særleg peika på det som gjeld språkmakt, og det er med bakgrunn i at regjeringa for ei tid sidan sette ned eit utval som skal arbeida med framtida til skulen, «Fellesskoleutvalget». Utvalet skal vera med på å leggja grunnlaget for den framtidige den norske skulen, fellesskulen. Det er påfallande at det berre gjeld den offentlege skulen. Friskulane er ikkje rekna med korkje med tanke på mandatet eller samansetjinga av utvalet. Friskulane er med andre ord ikkje del av den norske skulen, sett med regjeringa sine briller, i alle fall ikkje slik ein tenkjer seg framtid.

Det er grunn til å merka seg språkbruken som vert brukt frå regjeringa og frå store delar av det politiske landskapet elles, samt store delar av det pedagogiske lauget. Etter kvart har omgrepet «fellesskulen» vorte nokså innarbeid. Det er eit positivt lada ord, i retning av integrering og at her høyrer alle med. Problemet er at det vert brukt berre om den offentlege skulen, eller det som vi like gjerne burde omtala som den kommunale skulen, når det gjeld grunnskulen. Friskulane er ikkje med i dette gode selskapet, og får med det ikkje honnørordet «fellesskap» – med alt som ligg i det – knytt til seg.

Powered by Labrador CMS