KVILE: Men kvile er ikkje eit teikn på svakheit, det er eit eit kjenneteikn på det å vere menneske. Det er noko vi kan ta imot som ei gåve, utan dårleg samvit eller skam over å vere utilstrekkelege, skriv Kjell Olav Høstaker Nordheim.

Felles kviledag gjev betre kvile

Dersom det skal finnast meiningsfulle rammer for veksling mellom aktivitet og kvile, så må desse til ein viss grad vere samordna. Slik samordning opnar opp for at fleire får kvilt meir og betre.

I «Øyeblikkets tyranni» skriv Thomas Hylland Eriksen om at langsam tid burde stå på toppen av kvar ynskjeliste. Dette får vi for lite av, meiner han, og peikar på bevisst veksling mellom langsam og rask tid som ei hjelp. Vårt samfunn, av mange kalla prestasjons- og perfeksjons-samfunn, kjenneteikna av slitenheits-epidemi, er ei livsform som står i fare for å bryte ned seg sjølv gjennom overforbruk av ressursar.

SYNSPUNKT: Oss selv nok

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei mest sårbare i møte med dette er dei unge. Undersøkingane «Sykt bra! Ungdom i Norge – status 2013» og «Ung@Hordaland, Barn i Bergen» peikar på at ungdom i Noreg i aukande grad opplever ein kvardag som er prega av stress og slit. Dette fører med seg utfordringar som til dømes søvnproblem, dårleg sjølvbilde og opplevd håpløyse. Dette trekket er mest tydeleg hjå den kvinnelege delen av ungdomsgruppa.

Dersom det skal finnast meiningsfulle rammer for veksling mellom aktivitet og kvile, så må desse til ein viss grad vere samordna. Slik samordning opnar opp for at fleire får kvilt meir og betre. Ei slik felles ordning har vi, og den må vidareførast og vernast om: Kviledagen. Ordninga med felles kviledag er eit kritisk og korrigerande mønster som bryt med prestasjonskravet som ser ut til å gjennomsyre vår samtid.

Eitt av samtida sine uttrykk for stress er at ein har problem med å legitimere kvile. Når målet er effektivitet, resultat og gevinst får ein problem med å grunngje kvifor ein skal avstå frå å utnytte ressursar. Dette fører lett til rovdrift på menneskelege ressursar og natur-ressursar, på sikt til skade for individ, samfunn og økologisk balanse. Men kvile er ikkje eit teikn på svakheit, det er eit eit kjenneteikn på det å vere menneske. Det er noko vi kan ta imot som ei gåve, utan dårleg samvit eller skam over å vere utilstrekkelege.

Vi og vårt livsgrunnlag treng avbrytingar. Det skapar ein uregelmessigheit som let oss stoppe opp og stille avgjerande spørsmål på nytt. Felles kviledag er ei slik ordning. Kvile gir oss eit vern mot det som er stressande og fragmenterande. Og kvile har sin eigenverdi utover det å verte klar til fornya innsats. For livet har verdi i seg sjølv, heilt utan prestasjonar.

Samtidig opnar felles kviledag opp for andre møtestader enn dei som er knytt til skule, handel og arbeid. Den felles arenaen som gjer at vi kan møtast til idretts- og kulturarrangement, delta i gudsteneste, vera saman som vener og familie, stille som frivillig, feire eller dyrke fritidsinteresser – denne felles arenaen må vernast om!

Vi treng avbrytinga! Ei felles ordning for dette, gjer at avbrytinga i lettare grad kjem til oss, og ikkje treng oppsøkast. Det er ikkje kvile som er målet; kviledagen som avbryting skapar jo berre eit opphald mellom kvardagane, og vi kjem raskt tilbake til dei. Men vi treng ei felles veksling. Det er verkeleg eit stort tankekors at kviledagen som felles ordning er under press, samstundes som norske skular tek til å legge til rette for – eller gir ungdomar obligatorisk undervisning i – individuell stress-mestring som til dømes mindfullness.

Men skal utfordringar i samfunnet løysast med individuelle tiltak når ein alt har godt fungerande felles ordningar som svært få ynskjer å endra? Etter mitt syn talar ingen tunge omsyn for at regjeringa skal oppretthalda sin plan om å svekka kviledagen som felles ordning. Planen bør derfor leggast vekk, særleg av omsyn til dei unge.

Les også
– Menighetene gjør det vanskelig for kristne homofileTil helhet
Les også
– Det aller viktigste er å gi folk evangeliet og utfordre dem til å tro detÅrsmøte
Les også
Oss selv nok
Les også
–Ikke opplagt at de måtte avlyseKonsert
Les også
En av de tause stemmene