| Debatt
EU – framtida sitt økonomiske uføre?
ØKONOMI: Kvifor skal me binde den økonomiske framtida vår til eit fellesskap som tyngjer framtidige generasjonar med milliardgjeld? spør Tore Arnegard. Biletet viser EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen og den norske statsministeren Jonas Gahr Støre.
Geert Vanden Wijngaert / AP / NTB
Me sit på ein ufatteleg pengesekk her i landet. Verdien av det norske oljefondet har passert 22.000 milliardar kroner. Dette utgjer om lag 3,9 millionar kroner på kvar einaste innbyggjar i Noreg.
Kontrasten til EU er enorm. Der kjempar medlemslanda mot eit samla gjeldsfjell på ufattelege 180.000 milliardar kroner. Dette utgjer i gjennomsnitt 81,7 prosent av deira samla verdiskaping (BNP), og tyder nesten 400.000 kroner i reint gjeldsansvar for kvar einaste EU-borgar (kjelde: Eurostat). Bak desse tala finn me land som Frankrike og Italia, der gjelda et opp framtida til dei unge.
Store delar av EU framstår i dag som ei økonomisk hengemyr. I tillegg ser me at EU-systemet i aukande grad tek opp felles lån, noko som gjer at land med sunn økonomi må garantere for gjelda til dei som har sløst, og ikkje har hatt økonomisk styring.