Er ”Yoga” alltid Yoga?
Eg må nyansera meg!
Det har kome mange innlegg og ulike meiningar om Yoga i Dagensdebatt etter reportasjen om Yoga i kyrkjeleg regi. Det kan verka som vi til dels misforstår og snakkar forbi kvarandre. Eg har fått nokre nyanserte tilbakemeldingar som har vore nyttige. No vil eg prøva å svara på spørsmålet i overskrifta mi og voner å kunna klarleggja lite grann.
Eg står fast ved at Yoga er ei samling av mentale og fysiske teknikkar knytt til hinduisme og buddhisme. Innlegget mitt om Yoga var meint som opplysning og ei åtvaring, men eg ønskte ikkje å seia noko nedsetjande om kristne som ser dette annleis enn meg. Gud ser til hjartet og er den einaste som kan evaluera det som føregår der gjennom bønn og meditasjon.
Kva som er ein god kristen måte å tenkja på, må me gå til Bibelen for å finna og ikkje til humanisme, ateisme eller andre religionar. Som kristne møter me all slags påverknad i samfunnet og blir utsett for filosofi og tankegang som bryt med kristentrua. Det hender ofte at kristne tek om bord ikkjekristnetankemåtar. Ofte lever me som om Gud ikkje finst. Dette er alltid skadeleg. Vestleg rasjonalisme og materialisme er kanskje dei største fiendane for kristentrua i vår tid. Når det gjeld Yoga er eg redd for at me kan opna opp for vonde makter om me gjer rom for hinduistisk tankegang og praksis. Om det berre er snakk om kroppslege øvingar, bør me heller kalla det gymnastikk og pusteteknikk staden for ”Yoga.”