🍁 1 krone for 1 måned

Du kan betale med vipps Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Frispark

Er vi førebudd på krig? 

BEREDSKAP: Ingen nye norske sjukehus blir bygd med tilfluktsrom. Det gjeld det nye sjukehuset i Stavanger, i Drammen (foto), på Nordmøre og alle nye sjukehus i nord, skriv Kjersti Toppe.
Publisert

I eit tid der det er krig i Europa og vår eigen helseminister har bedt sjukehusa vere førebudd på kriser og krig, må vi stille spørsmålet. Er vi førebudd? Er vi førebudd i Norge på det som kan hende i den mest alvorlege sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa sidan andre verdskrig?

2026 er totalforsvarets år, og med det skal vi løfte samfunnets samla motstandskraft og forsvarsevne, både gjennom militære og sivile aktørar. Kor robust er vårt totalforsvar eigentleg, og korleis kan vi styrke det? 

Stortinget har samla seg i eit forlik om langtidsplan for forsvarssektoren, som inneber eit historisk løft og opptrapping av norsk forsvar og beredskap. Gjennom planen skal Noreg få fleire folk i uniform, styrking av hæren og heimevernet, nye fartøy til Sjøforsvaret og kraftig utbygging av luftvern med meir. Det er bra, og det trengst. Det gjer at vi er betre førebudd. Men det er ikkje nok. For kva med vårt totalforsvar, og sivile beredskap? 

Powered by Labrador CMS