| Debatt
Er israelske gislar og palestinske fangar likestilte?
TEL AVIV: Israelske demonstranter krever at Hamas setter fri de resterende gislene på Gazastripen.
Ariel Schalit / AP / NTB
I Dagsrevyen sundag 5. oktober var eit av innslaga om Hamas ville godta fredsavtalen som USA og Israel hadde vorte samde om. Det vart sagt av ein reportar at eit overordna tema var utveksling av «israelere som sitter i palestinsk fangenskap med palestinere som sitter i israelsk fangenskap».
Det kan synast som om ein ville ha fram at desse to gruppene er likestilte. Då ser ein bort frå at dei iraelske gislane som sit på Gaza er uskuldige menneske som vart kidnappa i eit grusomt terroråtak, mens mange av palestinarane i israelske fengsel er terroristar og mordarar som har drepe mange israelarar berre fordi dei er jødar.