| Debatt
Er Høgre og Ine Eriksen Søreide bonden sin fiende?
STATSBUDSJETT: I framlegget til Høgre vert det kutta dramatisk i sjølve livsgrunnlaget for norske gardbrukarar, skriv Tor Arnegard. Biletet visar Ine Eriksen Søreide på Høgre sin folkevaldkonferanse på Gardermoen nyleg.
Siv Johanne Seglem / NTB
Når ein ser kva Høgre legg fram i sitt alternative statsbudsjett for 2027, er det vanskeleg å sitje att med noko anna inntrykk enn at partiet vil den norske bonden til livs. Med eit pennestrøk føreslår Høgre å kutte svimlande 2,8 milliardar kroner i norsk landbruk. Dette er ikkje berre ei lita justering, det er eit frontalangrep på heile næringa, og den allereie vedtekne jordbruksavtala 19. juni 2026.
Næringsvenleg?
Det er grunn til å spørje rett ut: Er partiet Høgre ein av matprodusentane sine aller verste fiendar? I framlegget til Høgre vert det kutta dramatisk i sjølve livsgrunnlaget for norske gardbrukarar. Over to milliardar kroner vert fjerna direkte frå overføringane til jordbruket, i tillegg til kraftige kutt i pristilskota på både kjøt og mjølk, kutt i økologisk drift og ei total avvikling av Bionova.