| Kommentar
Er det så smart å tilgje i beste sendetid?
RAKRYGGA: Eg høyrer ei evangelisk trass hos Erika Kirk som byggjer bru over havet av kulturskilnader.
Julia Demaree Nikhinson
State Farm Stadium, Glendale, Arizona. På gigantpodiet står den unge enka, Erika Kirk. Ei kvit drakt over ein enkel svart topp. Gyllent belte. Sminka er plettfri og det lyse håret fløymer fritt som om ho er på veg til ein sommarfest.
Ord for ordløysa
Men folkehavet og alle som ser minnestunda på fjernsyn verda over, veit at det er motsett. Det er ikkje sommar. Det er ikkje fest. Det hutrar eit iskaldt haustdrag gjennom demokratiet kvar gong den frie ytringa blir stilna med kuler.