Leder
FREDA: Åtte tome stolar i stål står på Akershuskaia som minnesmerke over dei norske jødane som vart deporterte under krigen.
Terje Bendiksby/NTB
Er det greit at norske jødar føler dei må skjule kven dei er?
27. januar 1945 vart konsentrasjonsleiren Auschwitz-Birkenau frigjord. Dette var den største av dei nazistiske utryddingsleirane. I denne leiren åleine vart over ein million menneske drepne.
FN har valt 27. januar som minnedag for alle ofra for Holocaust, folkemordet mot jødane før og under andre verdskrig, der over seks millionar jødar vart drepne. I Oslo er det nasjonal markering av Den internasjonale Holocaust-dagen på Akershuskaia, plassen der DS Donau i 1942 sette kursen mot Tyskland med 529 norske jødar om bord.
Åtte tome stolar i stål står på Akershuskaia som minnesmerke over det som skjedde. I fjor, i samband med 80-årsdagen for deportasjonen, vart minnesmerket freda og gjort til eit nasjonalt kulturminne.