Kommentar
ENDETIDA: Eit tema for alle kristne. Illustrasjonsfoto: Fotolia.com
Endetida – eit tema for ekspertar?
Er det underskot på kompetanse eller ei uklar redsle for å bli utledd som gjer oss ukomfortable med endetidsnakk?
Vi lever i urolege tider, og dei brå og dei brutale hendingane i og rundt Israel, pregar nyheitsbiletet og tanken på mange vis. Men det er vel berre siste tilskot til det som synest ein stadig straum av endetidsteikn. Eller er det noko kvalitativt annleis denne gongen?
Som Dagen nyleg rapporterte, er det fleire av Israels vener som dreg fram profetiar om endetidskrig frå profeten Esekiels bok og set Israels krigserklæring i samband med denne.