Frispark
MISJON: Sveitsiske Lausanne er uløyseleg knytt til verdsmisjon.
Dagen-arkiv
En kraftig reaksjon på ønsket om å slutte med misjon
I 1973 bad Kyrkjeverdsrådet om ein pause i utsending til misjon. Motsvaret frå den første verdskongressen av klassisk evangeliske misjons- og kyrkjeleiarar blei kraftig.
Sveits sin femte største by, Lausanne, er om lag så liten som Stavanger. Dei har til felles at dei er uløyseleg knytt til verdsmisjon. Det er litt underleg. «Kunne eg ikkje ha bada meg i elvane i Damaskus?» spør hærføraren Naaman i irritasjon då Elisja sender han til Jordan-elva for å blir fri hudsjukdommen sin. Men det blei Lausanne og ikkje dei meir kjende Zürich eller Genève.
Året er 1974. Eitt år tidlegare bad Kyrkjeverdsrådet (KV), i ein fase då vestleg sekulær og politisk progressiv teologi rådde grunnen, om eit «moratorium» – ein pause – i utsending til misjon. Motsvaret frå den første verdskongressen av klassisk evangeliske misjons- og kyrkjeleiarar blei kraftig. Lausannerørsla var fødd.
Lausannepakta, som John Stott førte i pennen, er vel ettertida sitt viktigaste og mest brukte evangelikale dokument og samarbeidsplattform. Den er djupt forankra i den reformatoriske teologien med trua på Kristus i sentrum, på basis av tillit til Guds ord, med profetisk kall til heilskapleg tenking om evangelisering og sosialt ansvar. Slik blei den verdsvide kyrkja kalla til å gå til nye folkeslag – med forplikting til ein enkel livsstil.