| Kommentar
Eitt år med Felleskristen erklæring
Dokumentet har vore ein suksess. Kanskje det framover også vil få ein utvida funksjon?
MINISTER SOM MISLIKTE: Lubna Jaffery var skarp mot Felleskristen erklæring om kjønns- og seksualitetsmangfold då denne dukka opp for eitt år sidan.
Heiko Junge/NTB
På dagen eitt år sidan dokumentet Felleskristen erklæring om kjønns- og seksualitetsmangfold vart lansert, er det verdt å ta eit lite overblikk over verknadshistoria til eit mykje debattert dokument.
Tverrkyrkjeleg
Det var nemleg 15. oktober i fjor at nyhendet om den tverrkyrkjelege erklæringa kom. «Pinsevenner, katolikker og lutheranere går sammen ut mot statens «kjønnsaktivisme» heitte det i Dagens overskrift då dokumentet var eit faktum.