Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Kommentar

BARNEHAGELIVET: Nær 100 prosent av norske barn er i barnehage, det skulle tilseia at vi var langt meir barnehage-kritiske enn vi let til å vera.

Eit sårt minne og ein altfor taus barnehagekultur

Eg hadde sjølvsagt barna mine i barnehage. Kan ikkje nettopp dette sjølvsagde, dette tause ved barnehagekulturen gjera oss svært ukritiske?

Publisert Sist oppdatert

Eit nyleg innlegg i Bergens Tidenes serie «Da livet mitt tok en ny vending» røska nettopp ordentleg tak i meg. Her deler innsendar Andrea Holst eit nærast sjokkerande sårbart minne. Ho var rundt tre år og hadde fått verdas finaste paraplyhatt av mora.

Men då Andrea og dei andre endeleg skulle på utflukt, var hatten søkk vekk. Ein av dei vaksne kom så med formaning og forklaring. Det var viktig å læra og dela, så vesle Andrea måtte forstå at når ein annan gut hadde gløymt regntøy, måtte sjølv ein splitter ny paraplyhatt kunna lånast ut.

Holst skildrar sjølv denne hendinga som ein studie i avmakt. Som treåring hadde ho ikkje orda til å ta til motmæle. Heller ikkje hadde ho ord for kor viktig denne hatten var for henne.

Powered by Labrador CMS