BESØK: Statsminister Keir Starmer og innanriksminister Shabana Mahmood møtte representantar for det jødiske miljøet i Golders Green etter knivåtaket 29. april.
Stefan Rousseau / AP / NTB
Analyse:
Eit mørkt gjensyn med det jødiske London
Statsminister Keir Starmer manar til felles innsats mot jødehat. Utfordringa er formidabel.
Onsdag for to veker sidan vart to jødiske menn stukke med kniv i fullt dagslys i Golders Green nord i London. Gjerningsmannen var fødd i Somalia.
Åtaket vekte eit journalistisk minne for min del. For nesten nøyaktig elleve år sidan rusla eg rundt i dette området nord i London. Bakgrunnen var at det straks var parlamentsval. Og partileiaren for Labour var jødiske Ed Milliband. Eg ville finne ut korleis britiske jødar såg på dette.
Berre éin jøde