Kommentar
Bjørn Olav Hammerstad
Eit auto-svar frå preses er ganske enkelt ikkje nok når det kjem brev frå framtida
Til dialog-ekspert å vera, må eg seia preses Olav Fykse Tveit tidvis meistrar kunsten å unngå viktige spørsmål litt for godt.
Sist veke fekk Dagen inn eit innlegg med heile 18 unge underskrivarar som uroa seg for kva framtidsutsikter dei har i Den norske kyrkja. Dette er ikkje kvardagskost, for å seia det mildt.
Unge folk har ikkje for vane å bry seg så veldig om kyrkja. Langt mindre brukar dei å gjera koplingar mellom kyrkja og si eiga framtid. Eit c-moment ved brevet frå dei 18, er dessutan det større implisitte spørsmålet: Korleis ser i grunn framtida ut for kyrkja?
Det er fort gjort å gløyma kva ressurs 18 potensielle prestar representerer for ei kyrkje med ei rekrutteringskrise av Dnk-format. Underskrivarane er i seg sjølv eit mogleg tilskot til skrinne bemanningsrekker, men det er langt frå sikkert. Unge folk har slett ikkje alltid planen klar og kursen parat.