❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Debatt

Einar Gelius misforstår både religionsdialog og islam

MÅLET MED FASTE: I koranen er den endelege målet med fasta «å avstå frå skade og aggresjon», skriv Khadija Owdah.
Publisert Sist oppdatert

I eit innlegg kritiserer Einar Gelius biskop Sunniva Gylver for det han ser på som positiv omtale av islam. Eg meiner kritikken byggjer på ei misforståing av både religionsdialogen og islam.

Det å snakke saman, samarbeide og bli inspirert av kvarandre er ein viktig del av sameksistens. Religionsfridom kan ikkje fungere fullt ut dersom vi ikkje tolererer og aksepterer kvarandre, og det er like viktig at vi er glade i kvarandre og samarbeider. Dette inkluderer også at vi viser det positive ved kvarandres tru og praksis. 

Kvifor er det sett på som forkasteleg å spreie kjærleik mellom ulike grupper i folket? Gelius kritiserer biskopen ved å hente historiar og hendingar som ikkje høyrer heime i samanhengen. 

Powered by Labrador CMS