For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

| Debatt

Ein pave i romerkyrkja kan i lita grad  endra kyrkja

EX KATETRA: Det som er sikkert, er at ein pave i romerkyrkja i lita grad kan endra kyrkja, særleg i læremessige spørsmål. Til det ligg tradisjonen for fast, skriv Johannes Kleppa. Biletet: Den nyvalde pave Leo XIV (t.v.) i Peterskyrkja i Vatikanet kort tid etter at han ble vald til den 267. paven i Den romersk-katolske kyrkja.
Publisert Sist oppdatert

Som nok alle har fått med seg, døydde pave Frans for kort tid sidan, og det er vald ny pave. Dette har fått store oppslag i media, og både TV2 og NRK hadde omfattande reportasjar og mange kommentarar knytt til pavens død og gravferda. Det kan gje grunn til litt ettertanke, og til litt refleksjon kor fokuset var, og kva kommentarane gjekk ut på. Det vitnar i det minste om at religion og kristentru ikkje høyrer fortida til.

Valet av ny pave har også fått oppslag, og det er referert litt kva han står for og har engasjert seg i, blant anna at han har kritisert visepresidenten i USA for ei utsegn om korleis kjærleiken skal utfalda seg. For første gang er det ein pave frå USA.

Det som har vore i fokus når det gjeld pave Frans, er hans enkle livsstil og hans engasjement i sosialetiske spørsmål, særleg med tanke på fattige, og hans engasjement overfor folk som fell utafor i samfunnet. Han har dessutan komme med nokre tvitydige utsegner når det gjeld homofili og likekjønna ekteskap. Det har sjølvsagt media løfta fram i tråd med dei rådande tankane i tida. Det kontroversielle rundt dette i pavekyrkja har i mindre grad komme fram. 

Powered by Labrador CMS