| Debatt
Ein ny kulturkanon i skulen må innehalde like mykje Noreg som Norge
NORSK UNDERVISNING: Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (foto) har, i eit større utspel i NRK rett før jul, tatt til orde for ei tydelegare norsk forankring i skulen, men nemner ikkje nynorsk med eitt ord, skriv Peder Lofnes Hauge.
Ole Berg-Rusten / NTB
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun har, i eit større utspel i NRK rett før jul, tatt til orde for ei tydelegare norsk forankring i skulen, men nemner ikkje nynorsk med eitt ord. Nynorsk og den nynorske kulturhistoria må med når Nordtun skal finne felles songar, bøker og historiske hendingar som alle norske barn skal lære om.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun seier ho vil «løfte vår felles historie, våre tradisjonar og våre kulturuttrykk». At alle born i norske klasserom får fleire felles referanserammer, kan vere eit viktig grep for å styrkje nasjonalkjensla og betre integreringa. Det er synd kunnskapsministeren tilsynelatande gløymer nynorsk når ho skal vise korleis ho skal få dette til.
Ivar Aasen burde vore det første talepunktet hennar før ho sette seg ned med NRK Dagsrevyen like før jul. Å lære seg både nynorsk og bokmål er å skrive seg inn i det norske – å bli norsk. Det gjeld sjølvsagt like mykje for Ole og Oline som for Ali og Aisha.