| Leder
Ein kvar kristen bør tåla «Mørchs metode»
Om kristne krev å få gå uforstyrra gjennom verda er det eit forfallsteikn.
MØRCH HUMOR: Då KrF-leiaren gjesta Erlend Mørchs podkast fekk han eit lågkomisk kinderegg i fanget.
Etter at Dag-Inge Ulstein besøkte snakkis-podkasten Mørch og makta, har eg høyrt blanda respons på opningssatsen. Her overrumpla programleiar Mørch KrF-leiaren med eit slags lågkomisk kinderegg. «Fuck, kill, marry», opnar episoden. Tankeeksperimentet er ufint og vulgært, slik at eg knapt orkar å gjengje det.
Null respekt
Lat oss difor ta det litt etter litt. Men det nedrige høyrer altså med blant ting som plutseleg kan dukka opp i ein samtale. Mange har null respekt for det heilage.