| Debatt
Ein avgrunn om kristen tru og krig
Medan den russiske patriarken lovar plass i himmelen til russiske soldatar som døyr på slagmarka i Ukraina, vert dei som hentar fram Jesu ord frå Bergpreika knallhardt straffa.
PROTEST:: Anna Chagina og ei venninne i fredeleg protest mot krigen, i Tomsk i Sibir i mars 2022.
Anton Kharin
Fire år med krig i full skala og endå ein vinter med russisk terrorbombing har gått. Dei få som har våga å kritisera Vladimir Putins blodbad og diktatur, har fått store bøter eller vorte fengsla. Mange har rømt landet for å unngå Putins fangeleirar.
Heilt sidan februar 2022 har eg særskilt følgt dei som har kritisert krigen på religiøst grunnlag og som difor har sett seg opp både mot president og patriark. Ei som har betalt prisen for kristen krigskritikk, er den kristne musikaren Anna Chagina. Ho kjem frå Tomsk i Sibir, byen der Putins fremste politiske motstandar, Aleksej Navalnyj, vart forgifta første gongen, i august 2020.
«Totalt samanbrot»