| Bokmelding
Ein 400 år lang tråd fører fram til Trump
Svært forskjellige aktørar i amerikansk historie har noko felles: Karisma.
TIDSTYPISK: Historieprofessor Molly Worthen ser Donald Trumps form for karisma som typisk for tida vi lever i.
Julia Demaree Nikhinson / AP / NTB
Eit tydeleg leiemotiv kan nokre gonger gi forbløffande innsikt. Eit døme på dette er historieprofessor Molly Worthens bok «Spellbound. How Charisma Shaped American History From the Puritans to Donald Trump». (Fortrylla. Korleis karisma forma amerikansk historie frå puritanarane til Donald Trump).
Den personlege bakgrunnen til Worthen er særleg interessant for denne boka, som kom ut i fjor. Gjennom mange år har professoren ved University of North Carolina forska på religion i USA. Men det var først for nokre få år sidan ho sjølv gjekk frå agnostisisme til kristen tru.
Omgrep frå Paulus