Leder
ETTERDØNNINGANE ETTER EIT BLYTUNGT SLAG: Når medmenneske lid, må vi bera forteljinga om dette vidare, for rettferds og sannings skuld.
Ap Photo / NTB
Ei uverkeleg veke
Veka som ligg bak oss, frå «den splintra sabbaten» den 7. oktober, har vore uverkeleg på fleire plan.
Det eit kvart terroråtak stiller oss overfor, er for det første utfordringa å ta inn over oss sjølve den menneskelege vondskapen. Terroristane sin vilje til å leggja vekk alle menneskelege omsyn for å fremja eigen posisjon. Det groteske barbariet gjev oss ei kjensle av noko uverkeleg.
Dette var ikkje sivile som ulukkeleg nok var der då eit militært angrep kom. Dei myrda var ikkje fanga i ein krysseld mellom krigande. Dei var mål i seg sjølv, for ein terror som er så omsynslaus, så blotta for humanitet at vi manglar parallellar til å hjelpa oss å forstå.