Illustrasjonsfoto: Berit Roald, NTB scanpix
Ei stemme til KrF er ei stemme til KrF
Eg får ofte inntrykk av at folk tenke på Noreg som ein topartistat.
KrF er det einaste partiet representert på Stortinget i dag som har hovudfokus på kristne verdiar og menneskeverd. Ei tradisjonell todeling i ein borgarleg og ein sosialistisk blokk reflekterer på ingen måte dei reelle politiske skiljelinjene i Noreg. KrF er eit sentrumsparti som kan samarbeide både til høgre og venstre i norsk politikk.
Likevel er det slikt at vi går til val på ei sentrum-Høgre-regjering. Landsstyret gjorde eit vedtak i november 2016 der KrF meiner at landet er best tent med ei regjering med eit sterkast mogleg sentrum.
Vidare understreka ein at dersom eit regjeringssamarbeid sentrum/Høgre ikkje er mogleg etter valet, må KrF søke andre gjennomslag for sin politikk og mest sannsynleg velje opposisjon.