For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

☀️ SOMMERKAMPANJE 1 krone, ut august Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

| Leder

Ei merkeleg motstandsrørsle

Skjer det faktisk noko når «hele Rogaland ber»?

BØN: Frå bønesamlinga ved Sola i Rogaland tysdag
Publisert Sist oppdatert

Tysdag kveld sto eg saman med eit femtitals andre hutrande på ein høgde utanfor Bryne. Pastorar frå ulike lokale kyrkjelydar geleida oss gjennom ulike bønnebolkar for området vi såg ut over frå høgdedraget der vi var samla. 

På typisk småbrydd, norsk vis, stimlar vi saman i smågrupper og helser kjapt på ukjende søsken i trua. Så ber vi. For barna, for bøndene og byfolket. For næringsliv, nasjonale leiarar og om fleire nyomvende. For folk som klatrar og folk som kjenner seg knuste. Ikkje minst stig det opp mange bøner om einskap.

Samlinga er berre ein liten bit av eit større bønneinitiativ denne veka, i regi av Utsendt, som kallar seg «en enhetsbevegelse i Rogaland». Neste år skal alt oppskalerast til ei nasjonal bønesatsing. Planen er døgnkontinuerleg bøn for landet i heile 2026. 

Powered by Labrador CMS