☀️ SOMMERKAMPANJE 1,- ut august

Du kan betale med vipps Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Debatt

Ei lære på sviktande føresetnader

HOVMOTSLÆRE: Det er feil å snylta på Jesu offervillige hyrdeteneste ved å tru at Jesu død skal fungera som ei avlatsbetaling, meiner Vidar Sætre.
Publisert

Med bodskapen «Kristenlivet trenger to bein å stå på» 17/6, prøvde Øystein Udnes å grunngje si tobeinslære: at me må vera forankra både i «det Kristus har gjort for oss» og i «fellesskapet med han som er med oss».

Han grunngav sitt første bein med at «Kristus er fullkommen for oss». Og ut frå Ef 2,6 om at «Gud har reist oss opp frå døden med han og sett oss i himmelen med han», trur han kristne har ein trygg arv og posisjon; om at ein juridisk forstått «er i Kristus», og slik både er rettferdiggjort, tilgjeven, elska og halden fast av Gud.

Og han grunngav det andre beinet ved å samanlikna relasjonen til Gud med den pakta ektefellar gjer med kvarandre i si inngåing av ekteskap: at pakta også gjeld i vonde dagar, også når kjenslene får ein til å tvila på ektefellen. Difor skriv han at kjærleiken til Gud må få konkrete uttrykk som tid, merksemd, samtale, oppgjer, forsoning og vilje te å stå saman – basert på verdiar som ærlegdom, tilgjeving, truskap og sams retning.

Powered by Labrador CMS