| Kommentar
Ei folkekyrkje må vel tåla dette?
Ein frittalande kristen-leiar lokka nyleg fram indignasjon i kyrkje-eliten. Det overraskar.
JOVIAL: Til vanleg er Espen Andreas Hasle folkeleg og nedpå. Men i møte med eit småkritisk skråblikk frå Alpha-Kjøde vart det nok, både for prosten i Nordre Follo og andre kyrkje-toppar.
Fra kirken.no
I ein gjestekommentar i Vårt Land sist veke tok nasjonal leiar i Alpha Noreg, Karl-Johan Kjøde, for seg ulike særdrag ved kristenliv og forkynning rundt i landet. Sjølv skriv han at han gjer det «til skrekk og advarsel, men også som et kall til omvendelse».
Her får både idealistar og pastordyrkarar, det konservative vest og det liberale aust eit knippe råkande observasjonar å bryna seg på.
Sjølve tittelen «Menigheter som blir seg selv nok», bør vera ei god påminning. Den faren står vi overfor, både i aust og vest. Når det gjeld konservative, meiner Kjøde til dømes at det som ein gong var inderleg, kan ha «kjølig rettroenhet» som slagside.