| Kommentar
Eg vart svigermor i året som gjekk. Er verda rigga mot oss?
Det gjeld berre å omfamna det, som det heiter. Eiga det. Men er det i grunnen så enkelt?
Jane Fonda spelte rolla som svigermor, eller Monster-in-Law, som den romantiske komedien frå 2005 heiter.
Diane Bondareff, NTB / AP Photo
Det hjelper sjølvsagt å ha fått ei heilt strålande svigerdotter inn i familien, men det er allmenn semje om at det sjeldan er der problemet ligg.
For svigermor – som utskjelt relasjon og tvitydig rolle – heimsøkjer både litteraturen og populærkulturen. Utan svigermor hadde dessutan alle vitserepertoar blitt alvorleg avkorta.
Ingen bonus