Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Kommentar

Eg var sju. Eg stiltra meg inn ei dør og møtte døden

Tvilande på mitt eige minne, gir eg det ein sjanse, nok ein gong. Eg trur den mørke døra sto litt på klem. Ei smal, vertikal lysstripe til høgre for meg fall innover i rommet før eg sjølv stiltra meg same veg, inn i stova til mormor.

Publisert Sist oppdatert

På terskelen til eit nytt år, dukkar visse tankar og minne opp. For nokre av oss er det som ein livsliturgi. Det er visse ting ein må innom for at livet skal kjennast som det heng saman. Vi held oss med fromme forsett, eller har ein årviss antipati mot akkurat slike. Nokre har ein film som ein berre må sjå, eller kanskje det er lukta av stjerneskot eller ettersmaken av ein bestemt dessert?

Det er sjølvsagt også dei som nøkternt påpeikar at nyttår berre er rein numerisk nostalgi. Vi blar om på kalenderen, det er det heile. Det er i grunnen nytt år kvar dag, kan du risikera å få høyra når slik snusfornuft har ordet.

At det skjer noko når vi står på ein terskel, det er i alle fall mi faste overtyding. Sjølv om den terskelen eg her skal fortelja om, var ein eg sto på ein haustmorgon, dukkar alltid minnet opp rundt årsskiftet. Det er vel desse overgangane. Påminninga om at livet er ei stadig skifting, ei overordna rotering på dei store aksane i det gåtefulle verdsrommet vi held til i.

Powered by Labrador CMS