FEDRELANDSSONGAR: Eg drøymer om at komande ætter skal syngja dei gode fedrelandssalmane våre i bønn til Gud og med varme kjensler i hjarta og tårer i auga, skriv Erling Thu.
Illustrasjon
Eg har ein draum om Noreg
Eg drøymer om at statskyrkja skal avskaffast heilt og fullt, og at ingen trudomssamfunn skal finansierast av staten.
Eg drøymer om at landet vårt kristnast frå innsida og ikkje gjennom ytre makt eller privilegium. Eg drøymer om å fylla landet vårt med nære og varme kristne fellesskap. Eg drøymer om at landet vårt skal gjennomsyrast av kristen tru og byggjast på kristne verdiar som likeverd, rettferd og kjærleik.
Eg elskar fedrelandet mitt. Her har eg djupe røter som formar identiteten min. Eg reiser til mange land for å fremja Guds rike. Eg har gode venner i alle himmelstrøk. Eg er ein del av den globale landsbyen og kjenner meg ganske internasjonal. Men same kor eg snur og vender på det, så er eg norsk. Den norske kulturarven sit djupt i meg, og hjarta mitt bankar varmt for fedrelandet som eg har store draumar for.
Eg drøymer om Guds rike i landet vårt, at Guds vilje får råda. Eg drøymer om Guds hus bygd på Guds måte, eit bønnehus for alle folk til glede for Gud og menneske. Eg drøymer om Kristi kropp. Eg drøymer om Guds folk. Eg drøymer om eit gudsrikeliv som gjennomsyrar samfunnet, og at Jesus Kristus skal vera Herre over nasjonane.