| Debatt
Edru på 17. mai – barna sin festdag
17. MAI-FEIRING: Barnetog og 17. mai feiring på Slottsplassen. Kong Harald, dronning Sonja, kronprinsesse Mette-Marit og kronprins Haakon på slottsbalkongen for å vinke til barnetoget 17 mai. Foto fra Slottsplassen 2015.
Heiko Junge / NTB
Når titusenvis av barn og unge vaknar til årets 17. mai-feiring, så står dei sentralt i en fantastisk nasjonaldagsfeiring. Tradisjonen med barnetog starta med ei enkel skoleparade i 1869, og har utvikla seg til den feiringa med barn og ungdom som vi ser over heile Noreg og i andre land der nordmenn er til stades.
I seinare år har vi sett at denne tradisjonelle feiringa vert utfordra av champagnefrukostar og andre alkoholhaldige bobler gjennom dagen, med meir merksemd på ein god fest for dei vaksne. Dermed har dagen endra karakter, og Vinmonopolet melde i fjor om stor omsetningsauke i dagane før 17. mai.
Alkoholbruken aukar