«Du kan drikke reint vatn frå springen, Sokhom!»

Eg og vi har 
eit grunnleggande ansvar for å forvalte skaparverket på ein 
forsvarleg måte.

Sokhom og tre andre budde heime hos oss i fjor. Dei kom fra Kambodsja til Stavanger for å bu her eit år. Ein av dei fyrste dagene oppførte Sokhom seg litt underleg. Etter litt kom det fram at han var veldig tørst og var på leiting etter vant som han kunne drikke. Han klarte ikkje å finne ei einaste vannflaske nokon stad.

For han var det heilt utenkeleg å drikke rett frå springen, fordi i hans land kan ein bli sjuk av det forureina vatnet i springen. Då eg sa at du kan berre drikke rett frå springen satte han store auge i meg og begynte å le. For han var dette eit eventyr. Springen?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi tek det heilt sjølvsagt. For oss som bur i dette klare og flotte landet, med nok vatn og nok frisk luft er det lett å gløyme at det ikkje er alle som har det slik som oss. Vi treng å tenke lengre og vi treng å stå saman om å markere at klima og miljø er viktig for alle.

Tenke du av og til på at du skulle vore meir miljøbevisst? At det hadde vort godt å kome i gang med å sykle til jobben? At du har litt dårlig samvit fordi du skulle kasta litt mindre mat?

For meg har dette spørsmålet vore eit stort tema i fleire år. Då borna var små kjøpte vi sykkelvogn og selde bilen, vi brukte tøybleier og arva kle frå eldre søskenbarn. Idealistisk seier du kanskje? Ja, det var både ein økonomiske og idealistisk grunn.

Vi sparte mykje på å ikkje ha bil, tøybleiene var dyre i innkjøp, men varte lenge og vi hadde ikkje råd til å kjøpe alt nytt. Idealistisk ville vi gjere vårt til eit miljøperspektiv og vere rollemodellar. I dag har vi bestemt oss for å klare oss med ein bil, og bruke sykkel og kollektiv så mykje vi kan.

KrF bygger sinmiljøpolitikk på den kristne forvaltertanken om å ta vare på livsgrunnlaget og skaparverket. Både som mor og politikar må eg gjere mitt. Eg og vi har eit grunnleggande ansvar for å forvalte skaparverket på ein forsvarleg måte.

Når vi er så heldige å leve i et land med reint drikkevatn i springen, og forholdsvis lite forureining, har vi et særlig ansvar for resten av verda. Klimaendringer, temperaturstiging, overbeskatning av naturressurser og tap av artar og økosystem er nokon av dei globale utfordringeane vi må bidra med å finne løyninger på.

Sokhom var så lukkeleg for det privilegiet å kunne drikke reint vatn rett frå springen. Det er vårt ansvar at det privilegiet er like sjølvsagt for dei komande generasjonane.